Hopp til hovedinnhold

Heddal Bygdekvinnelag

Ingeborg i veven

Filleryer seier Randi

Fargerike ryer

Kyrkjetunet Husflid


Aktivitet på vevstugu høsten 2020

På Kyrkjetunet husflid går skyttelen med liv og lyst. 8 - 10 ivrige vevkjæringar møtast eit par dagar i veka.

Det er mykje arbeid før ein kan sette seg i vevstolen. Denne dagen var nokon igang med renning av lin, og ettersom det blei sagt gjekk det berre av ein tråd under arbeidet.

Så står det att å tre i hovel, skaft og skei, ja den som kjenner til denne kunsten veit kva det dreier seg om. I desse coronatider blir kaffipausen midt på dagen delt i to.

Elles er det ikkje vanskeleg med avstand når ein sit i veven.