Hopp til hovedinnhold

Hjelmeland Bygdekvinnelag

Anne Lise Gjesdal
Jun
04
Sun

Familiedag på Fossane gard

Fossane gard

Deltakarane vil, saman med Anne Lise Gjesdal og hennar hjelpar, gå ut i naturen på Fossane for å sanka ville vekster. Dei går saman i små grupper for å laga ulike rettar, både varme og kalde, som alle til slutt får smaka på. Dei får kyndig rettleiing undervegs av Anne Lise.

Dette blir ein spennande dag.

Kurshaldar Anne Lise Gjesdal kjem til Hjelmeland for å vera med og sanka ville vekster i nærområdet. 

Etter at vi har sanka masse grønt vert det laga ulike matrettar av det.
Vi bruker bålpanner og vi skal ver ute. Kle deg godt etter været og ta med familie, naboer og venner. 

Alle er velkommen!

 

Buss: Det er sett opp buss frå Årdal til Fossane. Årdal omsorgsenter kl. 10.00, Joker Fister kl. 10.15, Spar Hjelmeland kl. 10.30 til Vormedalen grendahus og Fossane.

Parkering: Grunna mangel på parkeringsplassar på Fossane, må alle parkera ved grendahuset. Derfrå vil det gå shuttlebuss i forkant, og etter arrangementet.

Påmelding SMS til Liv Inger Mæland, tlf. 98633835 innan tysdag 30. mai, både til evt. buss og arrangement

 

Dette er det 2. arrangementet som inngår i prosjektet «Bygdekvinner nyt(ter) maten». 
Arrangementet er eit samarbeid med Hjelmeland og Årdal 4H (Jerv og Hjelmen) og er støtta av Hjelmeland kommune

Familiedag på Fossane gard