Hopp til hovedinnhold

Hjelmeland Bygdekvinnelag

Trygve Brandal fortel

Trygve Brandal fortel

Enkel kveldsmat

Enkel kveldsmat

Forteljarkveld med Trygve Brandal

Hjelmeland bygdekvinnleg inviterte til forteljarkveld med Trygve Brandal.
Trygve fortalde om "profilar i det gamle Hjelmelandssamfunnet".

Trygve er ein flink formidlar med mykje kunnskap. Ca 40 frammøtte fekk høyre både fasinerande, spanande og triste historier om ulike personar i Hjelmelandssamfunnet frå 1600 - 1800 talet. 
Me fekk bla høyre om ein rik jordeigar på Tøtland. Sjølv om han eigde i mange gardar var han sjølv leiglending! Me fekk og høyre om presten Daniel Jørgensen, om sorenskrivaren og familien på Jøsneset, om husmannsfolk, aldersforskjellar på ektefolk, om vanskelege skjebner med mange dødsfall i barneflokkar, og me høyrde om eit par ungdommar som blei tatt for tjuveri. Eit mangfaldig persongalleri.

Etter forteljinga var her enkel servering av kaffi og mat. 

Takk til Trygve, og til alle som møtte opp.