Hopp til hovedinnhold

Hjelmeland Bygdekvinnelag

Kåseri: Tormod Skeie og Bente Thurmann Nielsen

Hjelmeland bygdekvinnelag og Hjelmeland sogelag hadde fellesmøte på Spinneriet onsdag 9. nov 2022.

32 personar møtte fram.

Bente Thurmann-Nilsen og Tormod Skeie, frå garden Ry i Tyssebotn i Erfjord, kåserte om livet på denne avsidesliggjande garden.

Som born av 68-generasjonen fann dei ein liten fjellgard i Ryfylke og skulle leva av den..

Dei vart verande, men han fann levebrødet om biblioteksjef og ho som lærar i skulen og seinare dreiv ho eige reiseselskap med kulturreiser til Italia.

No er dei pensjonistar, men har dyr på garden.