Hopp til hovedinnhold

Hjelmeland Bygdekvinnelag

Vi er glad for at Liv Inger fortsetter som leiar

Matkveld med mat frå ukrain

Torsdag 20. oktober inviterte vi til matkveld med mat frå Ukrain. Mange nysgjerrige damer fant veien til Hjelmeland sin ungdomsskule for å få muligheten til å smake på mat frå Ukrain. 

Sju kvinner frå Ukraina, som nå er busette i Hjelmeland, laga mat frå heimlandet sitt. Nydelige forskjellge salat, basert på rødbet, krabbepinner eller gulrot. Pannekaker med kjøttdeifull, bretta og steikt etterpå, ovnsteikte koteletter med grønsaker og ost,  og pannekaker med cottage cheese og litt sukker/honning som desert. Alt i alt for mange retter at vi husker alt.

Med hjelp av ein gode tolk fekk dei også delt oppskriftene med oss. Her var det mykje velsmakande og inspirerande mat! Og det med dei same ingredienser som vi pleier å bruke.
Nadja, som også var tolk, fortalde historier frå sin oppvekst og kultur.

Etter maten blei det årsmøte. Vi er glad for at Liv Inger igjen takka ja til å fortsette som leiar!

Tusen takk til alle som møtte opp.

 

På tampen fekk vi jo nokre nye medlemmer i tillegg!