Hopp til hovedinnhold

Hjelmeland Bygdekvinnelag

Liv Vadla viser korleis ho lager desse blomsterdekorasjonane
Blomsterdekorasjon i vinduet på Spinneriet
god mat er viktig på møter med bygdekvinnelaget
blomstene blei lodda ut og fargelegger heile forsamlingen
Spinneriet, ein fantastiske plass å møtes

Påskemøte

Onsdag 20. mars var det duka for det årlege påskemøte.

Liv Vadla, som har drive blomsterbutikk på Hjelmeland i 20 år tidlegare, har laga mange oppsett med oase, mose, og pynt. På sjølve møte viste ho oss korleis ein vanleg blomst enkelt kan pyntast opp med nokre bjørkegreiner. Ho ferdigstilte alle dekorasjonar med bjørkegreiner med og utan sopp, mosete grein, blåbærlyng og mange andre materialer ho har hadde henta rett frå naturen. 
Dei frammøtte, nærmare 70 damer, blei så begeistra, og vi fekk inn ein god del med loddpenger. Etter drøs og ein god matøkt blei alle blomsteroppsetta lodda ut.

Vi takkar Eelke Pouw for nydelege bilder.