Pop-up kafè på Spinneriet
Hjelmeland Bygdekvinnelag var med Hjelmeland kommune og arrangerte pop-up kafè på Spinneriet.
Kafèen var same veka som beredskapsveka og bygdekvinnelag over heile landet markerte beredskap med aksjonen "vil baker brød".
Kafèen varte i 2 trivelege timar. Det møtte både store og små, som sette pris på mykje godt bakverk, god kaffi eller anna drikke og ikkje minst godt lag.
Det var ca 45 gjester innom kafêen.
Her var utdeling av smaksprøvar av brød. Brød er viktig i norsk kosthold, og me kan bake brød på mange måtar. Ein kan steike på tradisjonelt vis i steikeomn, ein kan ha vedfyrt steinomn, steike i gryte, på takke eller på panne og pinne :)
På dagens kafe var her bakst frå lokale bakeri, både Timmermann`s bakeri og landhandel og Ryfylke bakeri & konditori. Me hadde med oss barrista frå sommarkafeen, og bygdekvinnelaget steikte lappar. For at det skulle vere "litt mat" i lappane hadde me og litt havregryn i røra.
Takk for ein triveleg laurdag!