Hopp til hovedinnhold

Hjelmeland Bygdekvinnelag

Surdeigskurs med Maggi Gausel

Hjelmeland bygdekvinnelag, med støtte frå Gjensidigestiftelsen, arrangerte Surdeigskurs med Maggi Gausel 1. nov. 23 på Hjelmeland ungdomsskule. Kurset var fullteikna med 20 damer. Alle laga sin eigen surdeig som ein tok med seg heim for å steika neste dag. Nå blir det surdeigsbaking i mange heimar! Maggi Gausel var ein svært inspirerande kursleiar. Ho hadde også laga ei velsmakende linsesuppe. Kvelden blei avslutta med utlodning av aktuelle gevinstar som ein brukar til surdeigsbaking. Alle vann!