Hopp til hovedinnhold

Hyen Bygdekvinnelag

Fredrik Hope informerer i ute-amfiet på Aasentunet

Omvisning på Aasentunet

Turdeltakarar ved utebord i strålande vêr

Matøkt i finevêret

Turdeltakarar ute attmed tre

Aasentunet ligg fint til

Fire bilete med turdeltararar ute ved tre og ved bord

Turdeltakarane kosa seg på omvisninga

Tur til Aasentunet

I juni hadde Hyen Bygdekvinnelag og Hyen pensjonistlag fellestur, slik vi prøver å få til kvart år. Denne gongen gjekk bussturen til Aasentunet midt mellom Ørsta og Volda. Turdeltakarane verka fornøgde, og rådar også andre til å ta turen!

Vi let det engasjerte avisinnlegget frå Hilde-Gunn Ommedal, ein av tur-deltakarane, skildre den flotte opplevinga!

"Sjå og opplev Aasentunet!

Hyen pensjonistlag og Bygdekvinnelaget la sommarturen til Aasentunet torsdag 15. juni. Turen var sosialt opplagt, så dei 20 hyarane hadde ein fin dag i det strålande sommarvêret. Vel framme stod sambygdingen Fredrik Hope, som jobbar i museet, og tok hjarteleg i mot. Han var ein framifrå flink og kunnskapsrik omvisar, både før og etter maten, inne og ute. Koldtbordet baud på rikeleg og god mat. Nyebygget, som Sverre Fehn har stått for (same som teikna Bremuseet i Fjærland), fungerer svært godt og ligg staseleg til i bakken i Aasentunet. Dette museet er mykje meir enn berre Ivar Aasen. Her er rom for store folkemengder til konsertar o.l. både inne og i det flotte amfiet ute. Dei Nynorske Festspela i juni kvart år samlar mykje folk.

Dei som er glade i nynorsk bør unne seg ein tur hit. Og dei som er skeptisk til nynorsk, bør absolutt oppleve dette levande museet som har sitt opphav frå ein sjølvlærd bondegut som reiste rundt i landet og samla dialektar og laga grammatikkar, Ivar Aasen.

Takk for turen! Helsing Hilde-Gunn Ommedal"