Hopp til hovedinnhold

Kinsarvik bygdekvinnelag

Mar
30
Sun

Lavterskel potetkakekurs

Fjordahallen
-
Påmelding innan 25. mars til Karin Vikane pr. telefonnummer 97520729 eller i arrangement på Facebook

3 driftige damer vil denne søndagen vise, og hjelpe deg som ynskjer å lage potetkaker. Ein sosial sundag i møterommet der alle hjelper kvarandre 😊Lavterskelkurs😋

Kva må du ha med deg?

-ferdig kokte/skrelte poteter (2kg) mjølne og faste

- duk/segl til å bake på

- kjevle ruta

- forkle

- fløy/steikepinne (det er òg til låns)

- noko å ha ferdige kaker i (2 bakeboller)



Om du ynskjer å ha med eige takke, så går det heilt fint😊 Me har 3.

 

Det vert servert kaffi og kaffimat, men ta gjerne med deg niste. 

Pris :

300kr for medlemmer (prioritert)

400kr for ikkje medlemmer

(Betaling på kursdagen)

Det er 15 plassar på kurset.

Påmelding til Karin Vikane innan 25.mars på telefon 97520729, eller i kommentarfeltet her 😊

Middagstips denne dagen:

Hakkasteik m/tilbehør, så kjem du heim med ferske potetkaker 

Kurshaldarar:

Ragnhild Opedal Tveit, Rannveig Nakkerud og Gro Kinsarvik Nedrevåg