Nov
02
Sun
Potetkakekurs
Lavterskelkurs i potetkakebaking.
Ragnhild O Tveit, Gro K Nedrevåg og Rannveig Nakkerud stiller opp i år igjen, til å ha ein kjekk bakesøndag i Fjordahallen.
Kva må du ha med deg:
Ferdig kokte/skrelte poteter (2-4 kg) Anbefalt 1 kg KersPink og 1 kg Beate/Astrix (totalt 2 kg), om du ikkje vil baka meir :-)
Forkle
Kjevle (rute)/fløy/steikepinne
Bakeduk/segl
Takke om du ynskjer (me har fleire)
Noko å frakte kakene i
Bygdekvinnelaget står for resten av innhaldet til deigen. (mjøl, salt, olje), samt maskiner til å male potetene.
Kaffi og noko å bita i vert servert.
Ta gjerne med deg lunsj til ein bakepause :-)
Pris:
200 kr for medlemmer
400 kr for ikkje medlemmer
Betaling på vipps på kursdagen