May
13
Tue
Tur til Vallavik og Ulvik
På denne turen skal me besøkja det fine fotomuseet i Vallavik og vevstova som bygdekvinnelaget i Ulvik har.
Anders P. Wallevik f. i 1874 var mellom anna fotograf og jakteskippar,. Han let etter seg ei stor samlig fotografi.
Barnebarnet Paul Wallevik har laga til eit svært fint og interessant fotomuseum med bileta hans.
Etter museumsbesøkjet køyrer me vidare til Ulvik. Der skal me treffa nokre av bygdekvinnene som driv vevstova og høyra kva dei arbeider med. Kanskje blir me inspirerte.
Det er dårleg med opne serveringsstader i Ulvik på denne tida, men me får kaffi i vevstova.
Dei som vil vera med kan melda i frå til Inger på tlf. 97085759, seinast 11.mai.
Det blir ikkje medlemsmøte 5.mai.