Aktivitetar framover
Me har mykje å gleda oss til i bygdekvinnelaget i vår. Her kjem eit oversyn. Det vil koma nærare informasjon om arrangementa.
- Møteplassen, annankvar laurdag,14. og 28.februar og 14. og 28.mars.
Møteplassen har vorte ein suksess. Mange ynskjer å møtast til kaffi og prat i ei tid då andre serveringsstader er stengde. Kaffigjengen gjer ein stor jobb.
- Litteraturkveld med Marit Eikemo, måndag 16.mars kl.18.30
Me set pris på å samarbeida med biblioteket og mållaget om denne årlege tilskipinga.
- Hagebesøk i Osen, måndag 13.april
Målfrid er hobbydyrkar, ho vil fortelja oss om kva ho dyrkar og korleis
- Kurs i ølbryggjing med kveik, tysdag 12.mai
Dette kurset er samarbeid med Vestnorsk kulturakademi på Voss. Informasjon om påmelding kjem seinare.
- Trim, styrkerommet måndagar og torsdagar
Litt varierande oppmøte her, men du kan treffa kjenningar om du kjem ca. kl 10.
- Baking, 3. - 12.juni.
Det blir baking til basaren og baking med 7. klasse frå både Opedal og Kinsarvik skule.
Her treng me mange hender i sving for å få dette til.
- Sommarbasar , laurdag 13.juni
Me vil ha basarkomite på same måte som i fjor. Dette året har me ikkje loddsal på bok.
- Turar
På planleggingsmøtet i haust var det mange som var interessert i turar. Kom gjerne med tips til styret om du vil på tur.