Hopp til hovedinnhold

Kinsarvik bygdekvinnelag

Bunadsdelar, stakk, opplut på bord

Bunadshjelp måndag 9.februar kl.18 -20, møterommet i Fjordahallen

Treng du hjelp med bunaden? 

Har bunaden krympa i skåpet? Er det flekk på skjorta, rift i stakken, eller held du på å sy bunad til liten eller stor? 

Bygdekvinnelaget vil arrangera samling/møtestad for dei som treng hjelp/råd i høve stell og vedlikehald av bunad. Me har flinke damer som stiller opp og vil dela kunnskapen sin med dykk.

Ta med deg bunaden, skjorte, stakk eller vest som du treng hjelp med. Det er hjelp å få både til dame- og herrebunad.

Ta også med deg utstyr som saks, nål og sytråd.

Påmelding til Britt-Helen, tlf. 97747993 eller britthelen2011@gmail.com 

Påmeldingsfrist 5. 2. 2026, 15 plassar. 

Meld gjerne frå om kva du treng hjelp til. 

Medlemmer vert prioriterte om det vert stor pågang.