Hopp til hovedinnhold

Kinsarvik bygdekvinnelag

Krotakaker og anna heimelaga bakverk klar for utlodding

Mykje folk møtte opp på basaren i år og

Framleis i bruk

Mange nummer å halda styr på

Framleis mest kontantar sjølv om me tilbyr Vipps

- og så vart det krotakaker på bordet

Dugnad gjev resultat!


Kinsarvik bygdekvinnelag har kvart år dugnad på krotakakebaking.

To heile dagar -  frå åtte om morgonen til åtte om kvelden (minst)  er det fyr i omnen i eldhuset  på Bråvoll. Der det vert steikt kaker for utlodding og sal på den tradisjonsrike kakebasaren. 4 bakarar om gongen, 3 vakter pr dag. Nokre stiller opp begge dagane. Dette er eit stordugnad og me må også spørja andre enn medlemmer om hjelp.

Kakebasaren var i år laurdag 15. juni. Fint ver og mykje folk sytte for god stemning og god innteket til bygdekvinnelaget.