Hopp til hovedinnhold

Kinsarvik bygdekvinnelag

Margareth med den første sokken ho strikka på skulen

Eplemuffins med mandlar

Frå Dale til Ytre Hebridane


Om han ikkje akkurat  var raud, så var han definitivt av ull, tråden som måndag kveld vart strekt frå Borstova i Kinsarvik via Dale og til slutt enda på Hebridane.

Ull og strikking var tema på Kinsarvik bygdekvinnelag sitt møte den 11. februar. Margareth Moberg, styremedlem i laget og erfaren strikkar, kåserte rundt dette. Med oppvekst på Dale og nærleik til Dale fabrikker (no Dale of Norway), fekk ho tidleg interesse for, og kunnskap i strikking. Ho snakka først om barndommen på Dale og fletta inn morosame historiar frå den tida. Om korleis ho lærte å strikka som 4-åring og hadde på sjølvstrikka vottar då ho skulle skrivast inn på skulen.

Etterpå fortalde ho frå reisene sine i Vesterled, til Orknøyane, Shetland, Island, Færøyane og Herbridane. Desse øyane har lange tradisjonar med sau, ull og strikking, og ho viste fram både strikkeplagg og strikkebøker frå desse stadene, ja til og med ei veske av ekte Harristweed.

Eit  levande og interessant kåseri, som mange hadde kome for å høyra! Bygdekvinnelaget hadde annonsert dette som eit ope møte, og mange frå den lokale strikkeklubben møtte opp.

Og som alltid var det god servering, og utlodding med nyttige gevinstar.