Hopp til hovedinnhold

Kinsarvik bygdekvinnelag

Fint på turen til Feisdal

Mykje å sjå i naturen om våren

Oppover skogsvegen på Ringøy i ausande regn.

- litt av kvart å sjå langs stien

Godt med ein pust i bakken på turen til Kvamsdal

Ein av ettermiddagsturane gjekk langs Kinso frå Kinsarvik til kraftstasjonen

- på stien som eigentleg vart bygd som jernbaneline for omtrent 100 år sidan

Første stopp på Blåturen var Vetlaløo

- og her var det mykje kjekt å finna i hyllene

Omsider var me alle på plass utanfor bokbua i Røldal

Kreativ bruk av gamle bøker inne i huset

og kunstnarleg kreativitet utanpå huset

Røldal - eit fint turmål!

Gå-tur eller Blåtur?


Kinsarvik bygdekvinnelag har hatt ein aktiv vår, og har tilbydd medlemmene å delta på både gåturar og Blåtur.

Første ettermiddagsturen gjekk til Røte/Feisdal i strålande ettermiddagssol. Heile 19 stk var med på denne turen, både medlemmer og andre turglade damer. Seinare var det turar opp skogsvegen på Ringøy, langs Kinso til Kraftstasjonen, Rateig og til sist Kvamsdal i Eidfjord.

Blåturen gjekk til Røldal.

Her er skrivaren sitt referat:

Tysdag 28.05.19 arrangerte turkomiteen blåtur. Mange møtte ved parkeringsplassen til Mikkelparken, fleire kom på undervegs. Det bar innover fjorden ,  då me stoppa ved Vasstun Gartneri i Odda, talde me 21 stk. Me rusla opp til Vetlaløo på Mannsåker. Her tok vertinna, Brita Gjerding i mot oss i ei varm og koseleg løe. Ho fortalde litt om garden ho og familien overtok i 2001, og korleis dei litt etter litt bestemte seg for å byggja om løa til ein liten butikk og serveringsplass for bygdefolket. Her fekk me kjøpa oss kaffi og kake, i tillegg til at mange handla med seg bl.a. garn.

Deretter gjekk turen  opp Oddadalen og over fjellet til Røldal. Første stopp her var Bokbua Kalvatræet Litteraturhus. Gunvor Øvregård tok i mot oss og viste oss inn i den vesle husmannsstova, som knapt hadde plass til 21 stk. Ho fortalde om folka som hadde budd her,og om ideen om å laga huset om til ei Bokbu. Her var det bruktbøker i alle rom, frå billige til heilt gratis, for store og små. For dei som våga seg opp den bratte trappa til lemmen, kunne dei finna 2 fulle senger med krimbøker. Fleire nytta høve til å få med seg ein godbit.

Vidare bar det bort til eit lite museum. Oddbjørn Lynghamar møtte oss på tunet. Inne i stova fekk me godt fortalde historiar av Lynghamar, både om dei som hadde budd på garden, og om livet i Røldal i tidlegare tider. Til slutt fortalde han om eit dramatisk flyslepp på Røldalsvatnet under krigen.

 Det nærma seg middagstid og me tok turen til Skysstasjonen, der velsmakande kjøttkaker venta oss. Me sat ei stund ved bordet og prata. Helene nytta høve til å minna oss på dugnadsarbeidet under landsfestivalen i gammaldansmusikk. Ho bar og fram ei takk til turkomiteen.

På vegen heim stoppa me i Skare, der nokre fekk kjøpt seg geitost. Regnet kom på heimturen med nysnø nedetter liane. Men me sat varmt og godt i bilane og var vel nøgde med ein fin tur.

Ei stor takk til Hildegun og Gudrun for ein godt tilrettelagt tur, me gler oss til neste blåtur !