Hopp til hovedinnhold

Kinsarvik bygdekvinnelag

Anne som steiker krotakaker i eldhuset.

Gratulerer Anne!

Gratulerer med 90 års-dagen, Anne!

Anne Lutro har vore aktiv i Kinsarvik bygdekvinnelag i mange år.

Ho var nestleiar frå 1965 og fram til 1970, då ho overtok som leiar og var det fram til 1991. Frå 1995 til 1998 var ho landbrukspolitisk kontakt, før ho tok over som leiar att og var det til 2004. Etter ein pause på 4 år vart ho leiar att fram til 2013.

I 1994 vart ho tildelt Norges Bygdekvinnelag sin nyoppretta pris "I farta-prisen". Denne prisen fekk Anne for å vera kreativ, og flink til å setja nye idèar ut i livet. Mellom anna har ho arbeidd for å inkludera tilflyttarkvinner til bygda.

Anne har vore nestleiar i Hordaland Bygdekvinnelag og 1. vara i styret i Norges Bygdekvinnelag. Ho var æresmedlem i Norges Bygdekvinnelag frå 2004 og fram til denne ordninga vart avslutta i 2016.

Anne Lutro var òg klubbrådgjevar i Hårteigen 4H i mange år. 

I 2019 fekk Anne Kongens fortenestemedalje for sitt store engasjement for lagsarbeid. 

Anne Lutro har lagt ned eit stort og godt arbeid for både for laget og bygda, noko som er til stor inspirasjon for oss andre i laget. Anne er æresmedlem i Kinsarvik bygdekvinnelag.