Hopp til hovedinnhold

Kinsarvik bygdekvinnelag

Hilborg Instanes og Inger Dyrnesli

Gratulerer Hilborg!

Den første leiaren i Kinsarvik bygdekvinnelag fyller hundre år.

Hilborg Instanes fyller hundre år den 25. desember i år. Ho har vore medlem i laget sidan oppstarten i 1948, og var òg den første leiaren i laget. I alle desse åra har ho delteke aktivt i laget, og vore ein inspirasjon for oss andre. Ho er æresmedlem i Kinsarvik bygdekvinnelag.

Leiar og nestleiar i laget, Inger Dyrnesli og Helene Olsen vitja Hilborg like før den store dagen og overrekte ei fin blomehelsing frå laget. På biletet ser me leiaren saman med jubilanten.

Kinsarvik bygdekvinnelag helsar den flotte hundreåringen og ynskjer lukka til med den store dagen!