Hopp til hovedinnhold

Kinsarvik bygdekvinnelag

Medlemsmøte i hagen

Foto: Helene Olsen

I hagen

Foto: Helene Olsen

Hagemøte i mai


Hagemøte hos Helga Auganes 2. mai.

Maimøtet vart halde heime hos Helga Auganes. Det var i alt 17 medlemer som hadde tatt turen til hagen hennar. Helga hadde fyrt i utepeisen, og laga det kosleg til ute på terassen. Det var litt kaldt, men etter ein varm kopp kaffi informerte Helga om kva planter som var i hagen og korleis ein kunne stella dei. Helga fekk ei lita gåve for at ho hadde vore så raus og teke i mot oss. Til slutt kunne medlemene rusla rundt i den velstelte hagen. Det var òg mogleg å gå inn i drivhuset for dei som ville sjå der.