Hopp til hovedinnhold

Kinsarvik bygdekvinnelag

Hagemøte om Bokashi

Ein litt kjølig vårdag, i eit partytelt i hagen på Marenhus, fekk medlemer i Kinsarvik bygdekvinnelag læra om Bokashi.

Bokashi er ein komposteringsmetode der ein kan kompostera alt matavfallet frå kjøkenet. I bokashi vert matavfallet tilsett mikroorganismer og fermentert i lufttette bøtter. Margareth Moberg har drive med bokashi i omlag 3 år.

Det vert brukt to bøtter. Desse har tett lok, ein dobbelbotn der den eine er perforert, og ein krane for å kunna tappa ut bokashivæske. Bokashivæska bør tappast ut eit par gongar under prosessen.

Margareth viste korleis ein fyller ei bøtte. Me startar med litt bokashistrø, har oppi matavfall og eit par matskeier med strø på toppen før loket vert sett på. Det vert fylt på matavfall og strø til bøtta er full. Så skal bøtta stå og kvila i to veker utan å verta opna. No fyller ein opp den andre bøtta.

Etter to veker skal innhaldet i bøtta over i ein jordfabrikk. Avfallet ser ikkje ut til å ha endra seg noko på desse to vekene.  Margareth viste heile prosessen, og avslutta med nedmolding av innhaldet i ei bøtte som var klar for det. Dei som ville, fekk sjå jordfabrikken i hagen, den er omlag så stor som ein pallekarm, og har dekke for å hindra at dyr skal grava i jorda. Sjølv om dette berre var i midten av april var det alt yrande liv av meitemark under jorddekket! 

Etterpå var det tid for kaffimat, og forsamlinga fekk stilla spørsmål til slutt. Margareth fekk blomar og takk for eit interessant program.