Hopp til hovedinnhold

Kinsarvik bygdekvinnelag

Furuskog i Kinsarvik
Utsikt frå Kinsarvik, fjell og fjord

Hausten er her - Mykje å gle seg til

Her kan de sjå noko av det de kan vera med på i haust

September:

Påmelding til Inspirasjonsseminar i Norges Bygdekvinnelag.

Seminaret er for alle medlemmer. Kinsarvik Bygdekvinnelag støttar dei som vil reisa med 2000,- kr. Påmelding innan 14.9.

Grindaløemarsjen 28.9.

Me har fått 10 000, - kr i støtte frå Norges Bygdekvinnelag til friluftsliv og inkludering, i Friluftslivets år. Me samarbeider med Kinsarvik Vel slik at Grindaløemarsjen blir gratis og alle kan delta. 

Idedugnad 29.9.

Dette er fyrste medlemsmøte i haust. Her håpar me mange møter opp og kjem med framlegg til aktivitetar. Det er de som bestemmer kva laget skal driva med. 

Epledagen 30.9.

Epledagen vert arrangert på Lofthus i samarbeid med skular, barnehagar og ulike organisasjonar innan fruktnæringa. Me har sagt at Kinsarvik Bygdekvinnelag kan bidra med eplekaker, om det trengst. 

Oktober

Streif på Vossestrand 4.10

Programmet kjem snart

Potetkakekurs 19. 10

 Fjordahallen 

Årsmøte 27.10

Stad ikkje bestemt 

November 

Inspirasjonsseminar 7. - 9.

Nybegynnarkurs i Hardangersaum

Oppstart 11.11.

Besøk av bedrifta Flor 17.11.

Andre aktivitetar:

Trim i styrkerommet måndagar og torsdagar kl. 10.