Hopp til hovedinnhold

Kinsarvik bygdekvinnelag

Januarmøte

Medlemsmøtet vart halde i Fjordahallen, måndag 9. januar. På programmet stod "Vegen inn i språket", der Margareth Moberg, lærar i norsk som andrespråk, fortalde om språklæring.

Margareth er lærar og har teke ekstrautdanning i norsk som andrespråk. Sidan det er mange minoritetsspråklege elevar ved Kinsarvik skule, er dette eit svært aktuelt tema her. Me fekk høyra kor tungt det kan vera for elevar som må læra seg både engelsk og norsk, samstundes som dei skal læra seg eit fag.

Det er ikkje vanskeleg å skjøna at det må vera ei stor utfordring både for lærar og elev når eleven har eit heilt anna morsmål som førstespråk. Morsmålet er førstespråk og vert tileign frå 0-3 år. Frå 3-4 år lærer borna nye språk som andrespråk. Me fekk høyra
korleis dei startar innlæringa av andrespråk, om korleis dei lærer inn dei vanlegaste lydane/fonema.

Me fekk og høyra om kva som ligg i læringsløypa, om mellomspråk og fossilisering av språket. Møtedeltakarane har vel ikkje hatt så mykje grammatikkundervisning sidan dei gjekk i skulen sjølve, og truleg sat alle att med ei kjensle av at denne jobben er
viktig og ganske krevjande for begge partar, både elev og lærar. Godt at det finst lærarar som tek dette på alvor.

Neste post på programmet var matøkt. Kaffinemnda denne kvelden hadde kome på ein ny vri og serverte pastasalat og rundstykke, etterfølgd av kaffi og kjeks.Velsmakande mat og kjekt med litt forandring. Dei fekk skryt og god avsetning på maten sin.

Etterpå vart det Kahoot som Margareth hadde laga, med spørsmål frå innlegget ho hadde i starten. Her fekk deltakarane prøva seg på noko nytt og fekk i tillegg testa om dei hadde følgd med i timen.

Kaffinemnda sytte og for gratis utlodding og mange fekk gevinst med seg heim.

Fleire lagsaker vart tatt opp og diskutert.

Som avslutning på kvelden las Inger eit fint dikt av Gro Dahle, «Noen dager og andre dager.»