Kundekveld med Vossabia
Fin kveld med Vossabia på besøk
Bygdekvinnelaget har hatt kvinnelege gryndarar som tema det siste året. Denne gongen inviterte me Vossabia. Grynderen Renate Lunde kunne ikkje koma, men dottera Ylva kom og hadde ein interessant og morosam presentasjon. Marius, som er produksjonsmedarbeidar, var med og presenterte og selde produkt saman med Ylva. Me kan seia det slik at dei hadde det travelt bak salsdisken.
Kaffinemnda sytte for gode kaker. Omlag 50 personar møtte fram.