Hopp til hovedinnhold

Kinsarvik bygdekvinnelag

Nytt medlem?

Vil du vera med på laget?

Du må ikkje kunna sy eller syngja for å vera med i laget.
Det er kjekt når mange kan møta, men det passar sjeldan for alle kvar gong.
Det er sjølvsagt heilt i orden. Det er nok at du kjem når du har tid.

Aktivitetar

Kinsarvik bygdekvinnelag har vore eit aktivt lag i meir enn sytti år. Me er framleis aktive, men ser at skal laget halda fram treng me fleire, og gjerne yngre medlemer. For å få fleire under 40 år er medlemskontingenten for denne gruppa halvert.

Kinsarvik bygdekvinnelag har saman med andre lag og organisasjonar, vore eindel av limet i bygda. Opp gjennom åra har laget delteke på tilskipingar og dugnadar til gode for nærmiljøet. Av overskot frå basarar og utloddingar har laget  gjeve gåver til Kinsarvik skule, Bråvolltunet, biblioteket og andre. På den måten har bygdekvinnelaget vore med på å auka trivselen i bygda vår.

 

Møte og møtestadar

Laget har omlag ni - ti møte i året. Innhaldet på møta kan variera frå møte til møte, men desembermøtet er som regel eit adventsmøte, og på februarmøte inviterer me vanlegvis tilflyttarkvinner. I tillegg til vanlege møte har laget ei turnemnd som skipar til gåturar, og ein blåtur om våren. 

Det er òg medlemer som inviterer andre frå laget med på styrketrening og yoga, eller til å delta på språkkafe. 

 

Tradisjonsarbeid

Det er tradisjon i laget å skipa til kakebasar kvar vår. Dyktige bygdekvinner steiker krotakaker til basaren. Det er alltid populært å vinna krotakaker. Dei som ikkje er så heldige, får høve til å kjøpa ein bunt eller to med kaker etter utloddinga. 

 

Krotakaker

Krotakaker er tradisjonsmat. Det å ta vare på levande tradisjonar er ein av berebjelkane i Norges Bygdekvinnelag. Så òg i Kinsarvik bygdekvinnelag. Kvart år vert 7. klasse ved Kinsarvik skule invitert til å læra å baka krotakaker i eldhuset ved Bråvolltunet. Det er stor stas for både unge og eldre. Det vert òg halde kurs i flatbrød- og krotakakebaking kvart år for andre som ønskjer å delta. På den måten vert kunnskap om krotakakebaking overført til nye generasjonar.

 

Bunadar

I Kinsarvik står bunadstradisjonen sterkt. Det er vanleg at både jenter og gutar konfirmerer seg i bunad. Jentene får ofte sydd eigen bunad til konfirmasjonen. Jentebunaden kan takast både ut og inn, og kan brukast i mange år. For gutebunaden er det ikkje like enkelt. Derfor har bygdekvinnelaget fått tilverka fleire bunadar til gutar/menn som kan leigast. Nokre av bunadane vert leigd ut til brudgommar. Laget har òg fått tilverka ein brurebunad som kan leigast. 

Ein annan måte Kinsarvik bygdekvinnelag bidreg til å halda oppe bunadstradisjonen på, er ved å halda kurs. Dei siste åra har fleire kvinner i bygda og bygdene rundt fått læra å perla belte og bringklut, og å sy opplut og stakk. I vinter har me kurs i hardangersaum til bunadsskjorte og forkle. Interessa og iveren til å læra desse handarbeidsteknikkane er stor.

 

Kinsarvik bygdekvinnelag treng deg!

I dag er Kinsarvik bygdekvinnelag eit aktivt lag. Men utan yngre krefter vil det etterkvart verta for få hender til å steika krotakaker, halda konfirmantbunadane i orden, skipa til kurs og anna. 

For at laget skal halda fram treng me fleire kvinner som vil delta, halda fram med arbeidet, tilføra nytt og vera ein del av fellesskapet. Kan me rekna med deg?