Ølbrygging med kveik
Måndag 11.mai held Atle Martinussen frå Vestnorsk kulturakademi foredrag i Fjordahallen. Tysdag 12.mai er det kurs i ølbrygging.
Vestnorsk kulturakademi tok kontakt med oss og ynskte samarbeid om å arrangere eit bryggjekurs der ein brukar den gamle gjærtypen kveik.
Bakgrunnen for dette var funn av kveik i eit eldhus i Kinsarvik.
Kvelden før kurset held Martinussen foredraget : Sikring av den norske genressursen kveik. Kveik til UNESCO. Møtet er ope for alle interesserte.
Laurdag blir det kurs i ølbrygging i eldhuset på garden Hus. Det er åtte deltakarar.