Hopp til hovedinnhold

Kinsarvik bygdekvinnelag

Saman om mat og dans


Årleg inviterer Kinsarvik bygdekvinnelag innvandrarkvinner i bygda med på eit lagsmøte. Då vert det gjerne servert både norsk og utanlandsk mat, og me har ofte litt musikk og dans.

I år høvde det slik at me hadde dette møtet på Ullensvang innvandrarsenter og asylmottak den 13. februar. Der var me samla rundt 40 stk med stort og smått, den eldste var over 90, den yngste berre 10 dagar gamal.

Fleire av innvandrarkvinnene hadde mat med seg, i tillegg hadde vår komité med kaker. Nokre av kvinnene var med å pynta 2 blautkaker, som vart både fine og velsmakande.

Praten gjekk livleg rundt borda på fleire språk. Det såg ut for at alle kosa seg. Under maten var det utlodding, og gevinstane vart jamt fordelt utover dameflokken.

Etterpå tok Sissel Opheim oss med på folkeviseleik. Det vart ein bra stor ring , sjølv om det var trongt om plassen. Per Spelmann og Per Sjuspring vart dansa til latter og smil.

Etter ein koseleg kveld takka Helene for frammøtet og ynskte vel heim.