Sommarbasar i Kinsarvik
Mykje folk, fint ver, flotte gevinstar og gode kaker og stor kjøpelyst. Sommarbasaren gav gode inntekter til laget.
Sommarbasaren til Kinsarvik Bygdekvinnelag har vore eit årvisst arrangement i over 50 år. Det er eit triveleg arrangement som mange set pris på. I år møtte det opp omlag 120 personar. Før basaren hadde medlemmene baka 480 krotakaker. Me er heldige i Kinsarvik som har eit eldhus alle kan bruka. Krotakakene er populære, men det var og mange andre gevinstar frå medlemmer og bedrifter.
Folk i Kinsarvik er veldig glade i å kjøpa lodd, så dette arrangementet gjev gode inntekter og syter for at laget har solid økonomi. Me vil oppmoda andre lag til å halda basar, gjerne med lokalt bakverk. Det er mykje arbeid, men og mykje moro. Svært mange av dei over 60 medlemmene våre deltek på denne dugnaden.