Hopp til hovedinnhold

Kinsarvik bygdekvinnelag

Nysteikte mjølkekaker er alltid populært

Det måtte smørjast mange baguettar til dei som var på kvelds- og nattevakt

Snart betasuppe med pølse frå Larsastovo

Nødvendig med skilting på festivalområdet

"Sommarjobb" for bygdekvinnelaget


Landsfestvalen i gammaldansmusikk var i år lagt til Kinsarvik og då måtte mange i bygda trø til som frivillige.


 

Vanlegvis er det lite og inkje aktivitet i bygdekvinnelaget om sommaren. Men då Landsfestivalen i gammaldansmusikk spurte om hjelp, stilte bygdekvinnene sjølvsagt opp. Denne festivalen er  eit stort arrangement og treng mange frivillige. Kinsarvik bygdekvinnelag saman med Bu og Ringøy bygdekvinnelag fekk i oppdrag å driva kantine for dei ca 300 som jobba frivillig dei dagane festivalen varte (7.-11. august). Sidan det var lange dagar og mange vakter, måtte me også spørja folk utanfor laga om å vera med på dette.  

På skulekjøkenet vart det kokt betasuppe og smurt baguettar frå 7 om morgongen til 6 om kvelden. Dessutan vart det servert kaffi/te og kringle. I tillegg stod bygdekvinnelaget for steiking og sal av mjølkekaker i festivalen sitt mattelt.