Hopp til hovedinnhold

Kinsarvik bygdekvinnelag

Jakke av ullteppe

Jakke av ullteppe. Foto: Lisa Karine Haugland

Bukse av gardiner

Bukse av gardiner. Foto: Brita Elisabet Meling

Skjørt av stoff i trikot

Skjørt i trikot. Foto: Elisabeth Hundven Opedal

Puter med dekor av hekledukar

Puter med hekledukar som dekor. Foto: Magni Kristiansen

Sykurs

Sykurs for nybyrjarar våren 2022

I slutten av januar starta Kinsarvik bygdekvinnelag opp med eit 6 vekers kurs i å sy klede. Kurset var berekna på nybyrjarar. Deltakarane fekk prøva seg på enkle mønster, og litt meir kompliserte. Det vart sydd puter, "easy peasy-plagg", bluse, bukse og skjørt. Deltakarane brukte ikkje berre stoff som metervare, men òg ein duk, gardiner og eit ullteppe vart sydd om til bukser og ei jakke! Til og med hekledukar fekk nytt liv, som dekor på store sofaputer. Kurslærar var Margareth Moberg.