Hopp til hovedinnhold

Kinsarvik bygdekvinnelag

Bordalsgjelet

Ut i det blå...

Kinsarvik bygdekvinnelag reiste på blåtur i slutten av august i år.

Blåturen starta ved Mikkelparken. Åtte bygdekvinner var klar for ein tur ut i det blå.

Turen gjekk mot Voss i det fine turvèret. Den første stoppen var på Mølstertunet, høgt over Vossevangen. Det gamle klyngjetunet som i si tid utgjorde to gardstun, vart overteke av Voss Folkemuseum rundt 1920. Gardane var i vanleg drift fram til 1925. Etter ein interessant omvising med guide, var det tid for kaffimat. 

Vidare gjekk turen til Bordalsgjelet på den andre sida av Vosso. Elvegjelet er ei naturperle i munninga av Bordalen og ligg berre 2 km frå Vossevangen. Dette er ei spektakulær oppleving. Turfølgjet gjekk til endes av den tilrettelagde turstien langs juvet. Nede i juvet er det flotte jettegryter og ein kan høyra den veldige lyden frå elva. Stien er kanskje ikkje tilrettelagd for
alle, men det var ikkje noko problem for turfølgjet frå Kinsarvik.

Tilbake til Vangen fekk følgjet beundra «Ridande Vossabrudlaup» av Nils Bergslien. Monumentet som tidlegare stod ved innkøyringa til jernbanestasjonen, er restaurert og flytta til Lindehaugen. Turen gjekk vidare til Prestegardsmoen og følgjet vandra på strandpromenaden til Bergslitræet. Dette som var barndomsheimen til Knut og Brynjulf Bergslien, er no museum, kafe og butikk. 

Siste stopp på blåturen var middag på Vangen Kafe.

Stor takk til Trine og Elin for ein interessant og vel tilrettelagd tur!