Hopp til hovedinnhold

Kinsarvik bygdekvinnelag

Vellukka potetkakekurs

Eit populært kurs er over. Søndags morgon i Fjordahallen,  hadde ein i sving 8 takker og 15 deltakarar som var ivrige på å lage,  òg lære seg å lage potetkaker. 
13 damer og ein herremann reiste nøgde heim med 20/25 flotte kaker kvar. 
Totalt vart det sikkert bakt over 400 potetkaker. 
Kurshaldarane, Rannveig Nakkerud, Gro Kinsarvik Nedrevåg og Ragnhild Opedal Tveit gjekk rundt og delte sine kunnskaper til alle. 
Me var noko spente på om sikringane holdt gjennom kurset, når så mange takker var i sving. Det funka som berre da (ein sikring gjekk ned på ei takke). 
Mjøl og steikeosen svevde godt inne i møterommet i Fjordahallen, men absolutt ein grei plass å ha kurs for så mange. 
Som kurshaldarane sa; det er aldri ein fasit. Nokon likar sånn og sånn, og viktig å prøva seg fram . Og heller ikkje nøye korleis kakene ser ut. Det er smaken som tel 😋

Oppskrifta me brukte,  finn du ved å bla i bildene 😊