Hopp til hovedinnhold

Nes Bygdekvinnelag i Buskerud

Lien

Ein prat på tunet.

Vakker utsikt mot Espeset.

Bonden og besøket.

ONSDAGSTUR


ONSDAGSTUR TIL LIEN ØVST I EIDAL

Siste onsdagstur hausten 2021 gjekk til Lien i Rukkedalen. Der har familien Andersen frå Nes sitt eige rike. Me vart møtt av spenstige sauer som brekte medan dei kosa seg i sola.  Kjell Olav Andersen og kona kjøpte eigedomen for nokre år sidan, og har sidan brukt kvar ledig stund på å restaurere. Me fekk kome inn i alle hus og kikke. Det var godt og varmt i sola, blå himmel og ei fantastisk utsikt. So det var nesten ikkje råd å kome seg heimatt. Men det måtte me. Me takka fint for oss. Jamen er det flott at folke er so gjestfrie! Me takka og Marie for 10 år med fantastiske turar! Det ligg meir arbeid bak desse turane enn me veit om.