Hopp til hovedinnhold

Odda Bygdekvinnelag

Kvinner Ut-tur til Digranes i mars

Kvinner Ut- tur til Digranes i mars Foto: Liv Solfrid Lono

Hyggelig tur på Digranes med Kvinner Ut


Den 4. mars 2019 blei det tur og gardsbesøk i prosjektet KvinnerUt. Turen gjekk til Åsegardane og Digranes.

Klokka 10:00 kom damene frå Odda med minibuss, og vart sett av på Åse. Dei fekk ei orientering om staden av Liv Solfrid. Deretter gjekk turen ned heile Åsevegen og heim til utestova til Liv Solfrid.

Rasha hadde laga fleire typar "fingermat" av typen "pizzasnurrar", med innslag av syrisk mat. Heilt nydeleg smaka det. Det vart og servert frukt og drikke. Vi prata om forskjellig, og kvinnene prata seg imellom. Ei av kvinnene merka seg at Liv Solfrid hadde eit spisebord på kjøkenet og eit i stova. Kunne det vera nødvendig? Med det kom vi inn på skikkane i Norge der vi et kvardagsmåltida på kjøkenet, men når vi har gjester, eller det er jul og feiringar vert det dekka på i stova.

Deretter gjekk turen til fjøset. Der stod 40 drektige sauer og ein ver. Damene frå Eritrea reagerte på at det berre var EIN ver til alle dei sauene! Dei var interessert i kraftforet, siloen og rutinane for å fore dyra. Dei sette stor pris på å få helsa på sauene.

Så kom bussen for å hente damene igjen. Ein flott gjeng med damer vi gjerne gjer fleire hyggelege turar saman med.