Bli kjend på Feed
Feed skiarena
Bli kven på Feed
I godt driv...
Bli kjend på Feed
Takk for turen!

Blei kjende på Feed skiarena

Trass regn møtte 18 damer opp ved Feed skiarena.

Me kikka på grillhytta, som er mykje i bruk, før me la i veg på 5 km-løypa. Plutseleg kom ein rulleskiløpar susande, og lurte nok på kva me var ute på.

Turen gjekk på asfalt og i vått terreng, men regnet roa seg relativt fort. Siste del av løypa førte oss ned mot Espetveit.

Nokre av damene ville ha litt lengre tur, og byrja og/eller slutta i Ålevika, medan andre synest den delen er for mørk og tung.

Feed skiarena

Feed skiarena er eit omlag tretti år gammalt heilårs trenings- og konkurranseanlegg for langrenn og skiskyting, og tilbyr totalt sju (7) km løyper, der fire km er asfaltert for rulleskibruk. Det er lysanlegg i alle trasear og skytebane med 30 elektroniske skiver og lys. Eitt sv fire slike anlegg i Noreg.

Bli medlem