Blei kjende på Gamlevegen Dorga

Turen i strålande augustsol samla 35 personar som ville vita meir om gamlevegen på Dorga.

Turid Omlid Fjeldsaa guida oss frå parkeringa ved Dorgefoss langs den gamle vegen nordover fordi dei gamle brukara og jettegrytene til dammen på Handeland.

På parkeringsplassen ved tusenårsstaden står det ein stein på 3200 kg. Det seiest at Håvard Valevatn tok spenntak og velta han til sides då dei bygde gamlevegen litt lenger nord i 1862. Håvard var fødd på Dorga i 1822, og flytta seinare til garden Valevatnet.

Turid innleia med å fortelja om den gamle vegen ned til Omlid, og fortalde sagnet om korleis dødsdømde fekk sjansen til å redda livet ved Dorgefoss. Om ein dødsdømd klarte å hoppa over fossen frå vest til aust på ein bestemt stad, skulle han få leva. Det seiest at ein person ein gong greidde det, og vart så overmodig at han ville hoppa tilbake òg. Det skal ikkje ha gått fullt så greitt...

Ferjentene frå Fergeplassen fekk me òg høyra om. Dei overtok arbeidet etter far sin, og ferja folk og dyr over Sira på Handeland. Prammen (pråmen) kunne ta to hestar og etter kvart ein bil, og ein måtte alltid vera to, for straumen kunne vera stri. Søstrene Marit og Anna ferja heilt fram til 1. november 1922, då brua på Handeland var ferdig.

Ingen ville følgja hovudvegen attende, så me gjekk same vegen ned att - på rekke og rad.

Bli medlem