Hopp til hovedinnhold

Sirdal bygdekvinnelag

Handeland/Gravatn
Handeland/Gravatn
Handeland/Gravatn
Handeland/Gravatn
Handeland/Gravatn
Handeland/Gravatn
Handeland/Gravatn
Handeland/Gravatn
Handeland/Gravatn
Handeland/Gravatn
Handeland/Gravatn
Handeland/Gravatn
Handeland/Gravatn
Handeland/Gravatn
Handeland/Gravatn
Handeland/Gravatn
Handeland/Gravatn
Handeland/Gravatn
Handeland/Gravatn

Blei kjende på Handeland og Gravassdammen

Per Jan Bakken fekk ingen tur berre med damer denne måndagskvelden i strålande sol. Gruppa var utvida til 33 personar inkludert seks menn, samt to hundar. Turen gjekk på fint grusa anleggsveg, så her kunne rullestolbrukarar òg vera med. 

Me juksa litt og køyrde fordi alle gardane, gjennom bommen og til parkeringsplassen på toppen. Dermed var det omlag 1,5 km å gå til dammen mellom grøne bjørk, lyngkledde rabbar, nokre hytter og idylliske vatn. Det første er Sandvatn, der det er fleire sandstrender, og den finaste ligg i motsett ende frå grusvegen.

På toppen av steinfyllingsdammen ser me ut over Gravatn og over til stølane til Dorga og Handeland, som ligg mellom Gravatn og Hunnedalsvegen. Før vegane vart brøytte vinterstid, køyrde ein folk og varer med hest og slede frå Handeland og opp bakkane, og så gjekk ein det siste stykket over Gravatn til stølane på ski. Vatnet er åtte kilometer langt  og opp til ein kilometer breitt, og utgjer saman med Valevatn reguleringsmagasin for Tjørhom kraftverk.

På veg ned att, ville nokon sjekka kor Litlestøl låg. Dei fleste tenkjer vel på chilimarmelade når dei høyrer namnet, medan andre forbind det med "en smak som får en til å føle seg som en Sirdalsrype". Stølen er eit hus frå Bakken som er tatt ned stokk for stokk, lessa på hestesleden, frakta opp på vinteren og sett opp att stokk for stokk. Men; er det ei furtent som står ved parkeringsplassen? Det er det ikkje, men salgsbua til Litlestøl på Sirdalsdagane for nokre år sidan.

Spørsmålet er om alle kom ned att til parkeringsplassen, etter at noko tok vegen, andre svingde bortom utsikten mot Litlestøl og dei tredje tok stien midt imellom...