Hopp til hovedinnhold

Sirdal bygdekvinnelag

Blei kjende på Josdal


Siste turen i år vart me kjende med dei gamle vegane til Josdal.

Turen starta ved det gamle skulehuset på toppen av Josdasbakkane, og gjekk ned første del av ''ny'' veg. Den vart utbetra både i breidde og svingar før store element skulle fraktast til Ertsmyra transformatorstasjon. Vidare fortsette me ned mot Gatneskjel, og hadde flott utsikt ned mot Tonstad. Der fortsette me eit lite stykke mot Seland, før ei valde å hoppa av og ta den gamle postvegen til Josdal. Den skal vera kortare, men brattare og tyngre enn ruta me andre valde.

At løypa innimellom høge, mørke grantre skulle vera lett, er ei overdriving. Det gjekk jamt bratt oppover, og me måtte sjå oss godt for i det lange graset så me ikkje snofla i steinar eller røter som låg rett over vegen! Det blei lang, lang rekke etter kjentkvinne Kathrine Berge Seland. Og tung pust for nokre av oss... Litt blåbær kunne me kosa oss med medan me tok ein pust i bakken, for lite visste me at det vart kaffi og kaker på toppen.

Før me kom opp att i dalen, kom me over eit gammalt kraftverk nær Svarthola og ein liten foss i Gjosa, samt andre minne frå tidlegare tider. Litt funfact blei det òg, for Josdal er det etternamnet flest i Sirdal har, sjølv om Tjørhom ikkje kjem langt etter. 

Sidan det var siste bli kjend-turen i år, avslutta turarrangørane med kake og kaffi til alle dei tretti sprekingane, 24 damer og seks menn. Takk til alle som har vore med på tur og alle som har sagt ja til å losa oss gjennom både natur og kultur!

Ynskjer du å halda fram med måndagstur, held trimgruppa på Tonstad fram med tur kvar måndag med oppmøte på Eliastunet 17.45.