Hopp til hovedinnhold

Sirdal bygdekvinnelag

Blei kjende på Sinnes og Nesefossen


Mandag var det 24 personar, av dei tre menn, som gjekk frå Myraleitet til Nessetfossen via Sinneslia.

I Sinneslia gjekk me forbi to svære, gamle stubbar/røter av tjukke tre som viser kor stor skogen har vore her i eldre tider. Turen går òg forbi nokre hytter, både nye og ''gamle'', der dei første vart bygde for ca 15 år sidan. Helin fortalde om skiløypene i Fåråsen, kor dei kryssar og kor det er fint å gå på tur med barn.

Nokre klatra ned til Nesefossen sjølv om det var nokre bratte parti, og såg på jettegrytene. Vasstanden var enormt låg, så me såg bare små bekkar mellom steinane. Helin fortalde at det er ein veldig populær plass å bada både for lokalbefolking og hyttefolk om sommaren. Oppover fossen måtte dei i gamle dagar sprenga litt fjell for å få vasstanden ned, og det var alltid mykje flaum. Frå Neset rodde dei med båt over til Sinnes.

Etterpå gjekk me over den nye brua, og Helin fortalde om kor ungane på skulen badar. Me såg skulebua, det nye bygget på skulen og gjekk forbi Åse Bente og Fjellstua tilbake til parkeringa. Det tok ca. 1,5 time, og me hadde sett mykje på turen.