Ut på tur
Bli kjend på Fidjeland

Bli kjend på Fidjeland

Ein regnfull ettermiddag i august tok fire bygdekvinner og ei bygdejente ut på tur på Fidjeland.

Det var vått i terrenget, så me følgde vegen til Smølåsen og vidare på stien til Sandrinnane. Finnstølbekkjen gjekk stor, og me såg nokre sauer, men elles var det stille og fredeleg.

På veg heim att yra det lett, og skodda åt seg nedover Hilleknuten, men spreke damer tok seg ein avstikkar i vått gras for å sjå restane etter brua på den gamle driftevegen over Jogla.

Bru og drifteveg på Fidjeland over Hilleknuten

Før 1880, kanskje i 1863 (i følgje Sirdalsboka bind I, s. 96) vart sauene frå Jæren drivne og symde over Fidjelandsvatnet ved Ropeneset. Var det nokre sauer som ikkje greidde symja sjølv, nytta dei ein pråm for å frakta dei over. Dei gjekk vidare til gnr. 1, bnr. 5. Der var det laga ei smal steinbru over Jogla som dei dreiv sauene over, vidare opp ved Fidjelandsfossen opp til Fidjelandstippen der dei svingde inn Hilleknuten til Kilen (på vegen mot Suleskar) og vidare austover. Ein kan lesa meir om dette på s. 204-205 i Driftesmalen av Sigurd Eikeland (Jærens smalelag 1966).

Bli medlem