Eit møte over heia
Setesdal og Sirdal har hatt mykje samkvem tidlegare, og det ville fem (5) damer frå Hylestad òg gjera, så 14. juni sette dei seg i minibussen for turen over heia.
Det var ikkje så langt som dei trudde, så dei fekk tid til eit stopp på Suleskard kafe før dei kom til bygdetunet på Kvæven. Der vart dei møtte av åtte bygdekvinner med ein liten brannalarm og "Tante si gryte", før Magnar Undheim fortalde om huset me var i, Jørenhuset.
Han fokuserte mest på nokre av Jøren-ane som har budd i huset. Jøren og Birthe var dei siste som budde i huset, der det var ope hus for heie- og sauefolk. Ein visste aldri kven ein møtte om morgonen...
Ein annan Jøren dreiv med reinsdyr, som han kjøpte av Pilt-Ola som hadde henta dei i Finnmark og Finland. Etter karantene i Kristiansand, var planen at to samar skulle gjeta dei, men dei måtte leita etter dyr dei hadde mista på vegen, så Jøren ordna både gjeting av 150 dyr og kalving åleine. Det greidde han godt, og mista berre fem kalvar. Seinare selde han åtte dyr til England, der dei skulle brukast på eit kjøpesenter.
Sterke kvinner var òg tema, m.a. Torbjørg som var på stakken om dagen og fødde ei jente same kveld, eller Anna frå Bråde som var einaste kvinne Magnar visste om som gjette sauer heile livet.
Drøset gjekk, før det skein opp og me flytta ut for kaffi og Sofiekaker. Valle bygdekvinnelag har gitt ut både Tradisjonsmat frå Valle, Rette klede i Setesdal og Gøymde og gløymde skattar om band og belte, og sistnemnde har Sirdal nå eit eksemplar av.
Me kunne halde drøset i gang heile ettermiddagen, men regnet ville det annleis. Me får halda fram i Setesdal til hausten, for dette gav meirsmak! Takk til Sissel Åkre som hadde ein god idé etter eit treff med ein sirdøl på inspirasjonsseminaret på Lillehammer!