Hopp til hovedinnhold

Sirdal bygdekvinnelag

Bruk heile dyret
Bruk norske grønsaker
Bruk norske grønsaker
Bruk norske grønsaker
Bruk heile dyret
Bruk heile dyret

Lammegryte av og til elevar på Sinnes skule


16. oktober er verdas matvaredag, og med så mykje heiebeite for sau rundt oss, var det naturleg for bygdekvinnelaget å markera det. Sidan det ikkje er så lett å dela ut smaksprøvar utanfor nærbutikken nå, fekk me gjera det på Sinnes skule i staden.

Det passa fint å få litt hjelp òg. 6. klasse har mat og helse på fredagar, og dei gjekk i gang med skrelling og kutting av rotgrønsaker frå morgonen av. Lammekjøtet var gjort klart av Tone frå bygdekvinnelaget, og dei fekk hjelp av Helin og Siri i løpet av dagen.

Lammegryta skulle vera ein smaksprøve, men med rikeleg mengde kjøt som utgangspunkt, fekk alle smaka, og mange ynskte og fekk påfyll, for maten fall verkeleg i smak.

I dag fekk me inn leserinnlegg i Agder - Flekkefjord tidende om kvifor bruka heile dyret. Oppslaget byrja med arrangementet 12. oktober med partering av lam med Stian Espedal og korleis me ville markera dagen i dag.