Hopp til hovedinnhold

Sirdal bygdekvinnelag

Sommaravslutning
Sommaravslutning
Sommaravslutning

Middag på Slottet

Det kunne vore dobbel 50-årsfeiring i Oslo, men det var Sirdal bygdekvinnelag si sommaravslutning.

18 damer møttest til mykje god mat, mykje drøs og litt informasjon om kva som skjer framover. Menyen var grava reinsdyr på jordeplekake, piggvar på bein eller lam på tre måtar og pære på mandelkjeks. 

Samtalane flaut lett, og mykje forskjellig blei nok diskutert. Nokre blei freista til å melda seg inn i bygdekvinnelaget, for resten av året er gratis under føresetnad av at du betalar kontingent for 2024, og medlem under 40 år betalar halv kontingent. Alle er velkomne, anten du er kvinne eller mann!

Det blir årsmøte 24. oktober, der m.a.  kvardagshelten 2023 blir avslørt. Alle kan koma med forslag til kven det bør vera innan 10. oktober, jf. eigen artikkel med kriterium.

Basar er planlagt på Sinnes skule i november, der overskotet går til Home of Bahati, og hovudgevinsten blir eit lappeteppe strikka av medlemmene våre.

Elles utfordra Tone oss til å melda oss på inspirasjonssamlinga til Noregs bygdekvinnelag 10. - 12. november i Stavanger. Lokallaget dekkjer avgifta for minst to medlem, der det er første kvinne til mølla som gjeld. Det er alltid mange flotte og interessante føredrag, og ein kan ikkje unngå å bli kjend med bygdekvinner frå andre stader i Noreg.