Hopp til hovedinnhold

Sirdal bygdekvinnelag

Motivasjonssamling 2022

Mest hundre bygdekvinner og to bondelagsmenn frå Rogaland, Aust- og Vest-Agder fann fram til motivasjonssamling på Forus 19.-20. november.

Tidsplanen sprakk etter eit engasjert innlegg av Margit Dale om ‘’Naturleg’’ - om berekraft og det gamle matstellet, for då ville alle ha kokebøker, helsing og bilete. Deltakarane frå Sirdal BK fekk òg bilete! Frå høgre Solveig Marie Ådneram, Tone Østtveit Kvinen, Margit Dale, Siri Elisabeth Skagestad og Åse-Berit Fidjeland.

Irene Njå-Gjellestad inspirerte om livsglede med gjenbruk gjennom bilete og dikt, og fortalde om korleis laga sevsko. Kari Frank engasjerte til vidare tankar om bygdekvinnelaget sine prosjekt og kvifor vår rolle er NÅ.

Elles på programmet:

* Kva lokallaga kan gjera for å setja sine saker på agendaen i samband med ‘’Valets kval’’, og kva Agrol eigentleg er (eit fordelskort).

* Erfaringar etter prosjektet ‘’Bygdekvinner deler matgleder’’

* Bruk av nettside og sosiale medium for å nå ut med kommunikasjonsarbeid, og korleis få gang på styremøta.

Mykje av gleda ved ei slik samling er å snakka med andre bygdekvinner, og drøsen går godt både i pausar, under lønsjen og heilt sikkert under middagen der Aust-Agder bygdekvinnelag stod for underhaldninga.