Hopp til hovedinnhold

Sirdal bygdekvinnelag

Peparkakebygda 2022

Julestemninga auka etter kvart som peparkakebygda fekk nye bygg og dufta av peparkake spreidde seg på biblioteket på Sinnes skule.

Etter pause i 2021, var bygda attende med tretten ulike bidrag. Takk til alle som deltok.

Variasjonen var stor, frå Snøfallporten via eit kakestykke til ein pyramide. Det vart flest hus, både store og små, og ei borg. Og sjølsagt må det vera ein utedo i ei slik bygd. Karoline og utedoen stakk av med premien i år.

Brannvesenet vart òg heidra etter ei hending tidlegare i haust, sjølv om brannbilen mangla på biblioteket.