Hopp til hovedinnhold

Sirdal bygdekvinnelag

Peparkakebygda
Peparkakebygda

PEPARKAKEBYGDA SIRDAL 2023

I år finn du peparkakebygda på Handleriet, og me håpar på mange kreative, spanande, spesielle, små og store byggverk! Alt passar i bygda vår! Berre fantasien set grenser!

Både fastbuande og hyttefolk i heile kommunen er velkomne til å levera bidrag.

Alle kan delta, både familiar, venner, arbeidsplassar/avdelingar, og alle som likar å baka og pynta peparkakehus. Peparkakedeig får du m.a. kjøpt hjå Hekta.

Handleriet tek i mot bidrag i opningstida deira frå 10. november til 10. desember.

VELKOMMEN innom for å sjå korleis bygda blir! I romjula blir det premiering av bidraga, med flotte premiar!

Arr.: Sirdal bygdekvinnelag, Handleriet og Hekta