Hopp til hovedinnhold

Sirdal bygdekvinnelag

Sirdal i litteraturen - heimesommar 2021

Sirdal kommune inviterte både bedriftar, private og lag og foreininger til å vera med og fylla sommarkalenderen i det som truleg blir ein ny heimesommar for mange. Sirdal bygdekvinnelag, Sirdal kultur- og historielag og Kvæven bygdetun nytta sjansen til, i første omgang, å visa korleis Sirdal blir presentert i litteratur.

Kvelden byrja med Arne Garborg som har skrive levande om då han gjekk frå Knudaheio til Oslo via Hunnedalen og Øvre Sirdal. Gunhild Kvinen ''fortalde''om då ho mest la seg til i snøen ein gong ho var i snåreskog. Vidare forflytta me oss til Tonstad og livet på brygga då Fram la til, ført i pennen av Ragnvald Jørgensen og lese av Magnar Undheim. Jørgensen kunne ikkje berre skriva. Det er utstilling av måleria og teikningane hans i ''Galleri Sybjen'' kvar torsdag kl. 18.00 – 20.00 i juli.

Me for vidare ned liene på ski saman med prest Erling Fagerheim, før Kjell Arild Pollestad tok oss og besøkjande med frå Jæren til m.a. Sinnes ein regnfull sommardag. Sidan me var inne på turisme, høyrde me litt om korleis unggutten Erik i fantasyforteljinga Kire opplevde Sirdal. Det var  noko anna enn då Tor Obrestad feira påske på hytte på Fidjeland...

Det vart ein fin kveld framfør Jørenhuset, men oppmøtet av knott kunne godt vore mindre.

Som Arne Garborg skreiv: ''Gud skal have takk. Norig er rikt. (...) Stort, stort er dette herlige land. Det er berre i byane at Norig er lite.''