Hopp til hovedinnhold

Sirdal bygdekvinnelag

Tollak til Ingeborg

Teatertur

10. oktober reiste nokre av medlemene i lesesirkelen til Sandnes kulturhus for å sjå Riksteateret og Teater vestland si oppsetning av "Tollak til Ingeborg" av Tore Renberg.

Ein full sal, Tore Renberg og damene frå Sirdal BK fekk sjå eit sterkt teaterstykke om einsemd, svik og skjør kjærleik. Nokre syntes det var ei svært dyster teaterframsyning, men me kjende godt att boka. Andre vart fasinerte av scenografien og ein enkel, men effektfull bruk av kulissar.