Hopp til hovedinnhold

Sirdal bygdekvinnelag

Søppelhandtering

Temamøte om søppelsortering

Temakveld om søppelsortering


"Har de ein diskusjon i heimen eller på jobb korleis søppelet skal sorterast?" Dette spørsmålet frista eit kvart hundre sirdølar til å nytta ein torsdagskveld på Tjørhom grendehus for å få vita meir om IRS og avfallshandtering. Det burde nok vore mange fleire...

Dagleg leiar Steinar Ness informerte om IRS, korleis sorteringa foregår hos IRS, kva som skjer med søppelet vårt og arbeidet deira framover, hytterenovasjon og landbruksplast. Renovasjonsleiar Roald Larsen informerte om heimesida, informasjon ut til fastbuande og turistar og viste konkrete døme på kva slags søppel som skal kastast kor. Det var ei engasjert forsamling, så spørsmåla hagla undervegs i informasjonsdelen, og fleire fann nok ut at dei av og til har sortert feil. Det hender faktisk at me leverer så mykje plast i matavfallet, at det vert dårleg kompost, og det skal vera heilt unødvendig!

Vil me læra meir, ligg det mange ulike filmar på IRS si heimeside, t.d. https://www.youtube.com/watch?v=JyP4t2rrApY&app=desktop, som avkreftar ei standhaftig myte. På heimesida finn me det me treng vita om innlevering, mobil miljøstasjon og siste nytt òg, og me kan nok bruka ho mykje meir aktivt. Vil ein heller nytta appen eller Facebook, er det berre å setja i gang. Samstundes vil IRS bruka så mange kanalar for å få ut informasjon til fastbuande og, ikkje minst, turistar, som dei kan, så følg med i Agder - Flekkefjord tidende og Sirdalmedia.

To av dei frammøtte hadde tatt med søppel for å få sikre svar på kva som skulle i kva for ei søppelbøtte, og det vart mest restavfall denne gongen. Glas & hermetikk og papir & kartong vart ikkje sett på som komplisert å sortera, så dei kategoriane mangla, sjølv om det vart litt der òg.

steinar_og_roald.jpg steinar_ness.jpg avfallsmengder_0.jpg sortering_i_praksis_ii.jpg kor_skal_dette.jpg resultat_0.jpg