Under Tøyet
Ni fjåge damer sette kursen mot Egersund og ‘’Under Tøyet’’ 10. februar.
Der blei me møtt av sprudlande Mette og tre av hjelparane hennar.
Først måtte me læra kva ein god BH er, både passform, storleik, materiale og reinhald er viktig. Det er mykje å tenkja på…Men sjølvsagt legg me ein BH i vatn med litt såpe medan me dusjar, vaskar lett etter 15 min og skyller under dusjen.
Så var det tid for prøving! Med så mange modellar å velja i, overlot me det til ekspertane. Det er nok arbeid å prøva, ta på og av og finna rett modell og ikkje minst farge for å få prikken over i-en.
Medan me venta på litt hjelp, kunne me kosa oss med litt snacks og drøs, og gleda oss til ei lita utlodning til slutt.
Om nokon kom heim med kosevariantar, fortel ikkje historia noko om, men nokre små, lekre pakkar vart det i alle fall. Og det skulle ikkje overraska nokon om me tek ein ny tur.
Kvelden vart avslutta med litt mat på Kings and Queens.